Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Emma Ölander Aadland
Publisert:  12.05.2010 14:47
 
Oppdatert: 05.09.2014 10:13

Skulebruksplan for Stord kommune

Planen vart vedteken i kommunestyret 23. mai 2013 og omhandlar skulebruksplanen for 2012-2020.

Skulebruksplanen for åra 2012-2020 er ein tematisk plan for skulesektoren i Stord kommune. Planen har status som kommunedelplan etter reglane i plan- og bygningslova.

Skulebruksplanen er eit overordna politisk styringsdokument der samfunnsmessige behov vert avdekka, og kor ein set mål og vedtek løysingar for store deler av korleis grunnskuletenestene skal innrettast på lang sikt.

Ved elevtalsframskriving er det lagt til grunn Statistisk Sentral Byrå (SSB) sine tal per 1. januar 2012. Vidare er det lagt inn elevtalsauke for nye utbyggingsområde som ligg inne i vedteken kommuneplan for Stord kommune.

Hovudkonklusjonen i planen er at skulestrukturen i kommunen vert uendra. Det inneber at det skal vere tre ungdomsskular (Stord, Nysæter og Nordbygdo) og sju (åtte) barneskular (Sagvåg, Litlabø, Tjødnalio, Langeland, Leirvik, Hystad og Rommetveit). Framtida for Huglo skule skal vurderast særskilt. For kvar skule er det gjort ei tilstandsvurdering med forslag av tiltak som bør gjennomførast.

Prinsipp for skuleanlegg i praksis er integrert i skulebruksplanen. I planen er det lagt vekt på at skulehelsetenesta i Stord skal ha tilfredstillande lokale på den einskilde skule.

Det er i planen føreslege oppveksttun/-senter ved Litlabø skule (0-12) med 1-7 skule, SFO og ny barnehage.

Kommunestyret har gjort slik prioritering:

1. Langeland skule – 3. byggjesteg
2. Ny stord ungdomsskule – «konge på haugane»
3. Nysæter ungdomsskule – nybygg og rehabilitering 

Aktuelle dokument

Kontaktinformasjon

Skulefagleg rådgjevar

Marit Kjelby
marit.kjelby@stord.kommune.no
Telefon 53 49 67 94

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen