Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Huglavikjo på Nordhuglo
Av:  Nina Sørli
Publisert:  14.01.2011 11:00
 
Oppdatert: 04.04.2017 15:19

Kommunedelplan Huglo

Stord kommunestyre vedtok i møte 16.12.2010 kommunedelplan for Huglo.

Kommunedelplanen skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging av Huglo med tilhøyrande sjøareal. Me gjer merksam på at kommuneplanen som vart vedteken 15.12.2011 og gjeld for området.

Dersom anna ikkje vert bestemt, skal arbeid, tiltak og frådeling av eigedom ikkje vera i strid med føresegner eller arealbruk fastlagt i arealdelen til kommunedelplanen og kommuneplanen.

Planområdet omfattar øya Huglo, med tilhøyrande øy/øygrupper Storsøy, Storholmen, Rubbholmen og Tveitøyane.

Hovudmålsetjing

Hovudmålsetjinga ved planarbeidet er å utvikla Huglo til eit robust, berekraftig og triveleg lokalsamfunn for fastbuande og vitjande. I planarbeidet er det lagt hovudvekt på arealdelen med fokus på område for bustader, fritidsbustader og næring.

Plandokument

Kommunedelplanen består av planomtale med konsekvensutgreing, arealkart og føresegner og retningsliner for arealbruken. Det er vidare utarbeidd delrapportar om strandsonekartlegging, kulturminne og kulturmiljø og ROS-analyse. Innkomne merknader er gjennomgått og særskilt vurdert i eigen kommentardel.

Hovudrapport

Delrapportar som ikkje inngår i hovudrapporten

Andre dokument

Papirutgåve av plandokumenta er tilgjengeleg hjå fellestenester i Rådhuset, Stord folkebibliotek i Kulturhuset og butikken på Huglo.

Kontaktinformasjon

Ove Kvalnes
ove.kvalnes@stord.kommune.no
Telefon 53 49 68 25
Mobil 48 99 09 09

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen