Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  02.01.2017 12:44
 
Oppdatert: 03.01.2017 12:23

Alkoholpolitiske retningsliner

Retningslinene vart vedteke i kommunestyret 22.12.16 og gjeld til 30.06.2020.

Hovudmål:

Målet med desse vedtektene er å regulera alkoholomsetnaden i Stord slik at omsetnaden går føre seg i forsvarlege former – slik statlege og kommunale organ føreset – og slik at

  • dei samfunnsmessige og individuelle skadene som alkoholforbruk kan føra til, blir avgrensa i størst mogeleg grad – og som eit ledd i dette vil kommunen arbeida for etablering av alkoholfrie soner
  • omsetnaden blir utøvd i samsvar med alkohollova og andre relevante lover, føresegner og retningsliner fastsett av Stord kommunestyre til ei kvar tid 
  • omsynet til folkehelsa skal vega tyngre enn næingspolitiske argument

Delmål:

  • For å få innvilga sals- og skjenkeløyve, må søkjaren fylla dei formelle vilkåra som går fram av kommunen sine alkoholpolitiske retningsliner
  • Stord kommune legg opp til jamleg kontakt med sals- og restaurantnæringa, eventuelt i fellesskap med politiet. Målet skal vera å skapa dialog og samarbeid i tråd med alkohollova sitt føremål, jfr. § 1-1 og i samsvar med Stord kommune sine målsetjingar om brukarmedverknad
  • Stord kommune legg opp til å kunna rettleia og formidla kunnskap om alkohollova overfor sals- og skjenkestadene i kommunen
  • Stord kommune legg opp til regelmessig kontroll med sals- og skjenkestadene
  • Stord kommune skal tydeleggjera alkoholfrie soner i samband med arrangement som er mynta på barn og unge, i samband med idrettsarrangement og i samband med ulike utandørs arrangement
  • Det skal leggjast til rette for arrangørar som ynskjer å skapa alkoholfrie aktivitetar ved og kring skjenkestadene.

Dokument

Kontaktinformasjon

Alkoholforvaltar Ragnhild Hageberg
E-post: post@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen