Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Friluftsliv
Av:  Stord kommune
Publisert:  27.04.2012
 
Oppdatert: 02.01.2017

Friluftsliv

Turløyper

Landåsen

Landåsen nær Leirvik har mange skogsvegar som høver for både fotturar, jogging og sykling.

Hystadmarkjo

I Hystadmarkjo går turstien gjennom freda svartorskog. Gode høve for fisking og bading.

Gullberg

Frå badestranda i Sponavikjo går ei fin turløype rundt Gullberg med utsikt over sørspissen av Stord.

Gruvene på Litlabø

Gruvene på Litlabø er utgangspunkt for mange turløyper. Storavatnet er fint for padling og bading. Frå krysset ved Isdal kan du ta turen ut til Aboretet Rossneset.

Utslettefjellet

Utslettefjellet i Sagvåg er ein lett fjelltur som gir fin utsikt over øya og nabokommunen Bømlo.

Kattnakken

Frå fjellet Kattnakken (724 m.o.h) kan du nyta ein storslått utsikt frå Haugalandet i sør til Hardangerfjorden og Folgefonna i aust.

Vatnadalen

Vatnadalen er utgangspunkt for fleire turløyper.

Seminarhagen ved Høgskulen Stord-Haugesund

Seminarhagen ved Høgskulen Stord-Haugesund (Rommetveit) er flott for rusleturar.

Huglo - Tveitevatnet

Naturstien på øya Huglo er 5 kilometer, og går rundt Tveitevatnet (Sør-Huglo).

Meir informasjon om turløyper finn du på www.visitsunnhordland.no www.carwalks.com  

Sykkelturar

Forslag til sykkelturar på Stord og i Sunnhordland finn du på www.visitsunnhordland.no og i sykkelbrosjyre i turisinformasjonen og Kundetorget.

Badeplassar

Sponavikjo

Sponavikjo, nær sentrum, har stupebrett og er tilrettelagt for funksjonshemma.

Hystadmarkjo

I turområdet Hystadmarkjo finn du badeplassane Melkevikjo og Apalvikjo.

Ådlandsvatnet

Ådlandsvatnet er ein populær stad for bading, ein kort spasertur frå Leirvik.

Nokre andre gode badeplassar er: Beivikjo (Rommetveit), Dagfinnsvikjo (Kårevik), Sætravikjo, Aslaksvikjo, Tveitevågen (Huglo), Røssbøvikjo (Huglo) og Båtsvikjo (Litlabø)

Fiske og båtutleige

På Stord kan ein fiska i dei fleste vatn og i sjøen. Unntaket er Vatnaelva og Ådlandsvassdraget der det er totalforbod mot fisking. For båtutleige/ fisketurar kontakt Stord Jeger- og fiskarforeining eller Langenuen Motell og Camping. www.stordjegerogfisk.no www.langenuen.com

Kart

Kart for sal i turistinformasjonen, rådhuset og bokhandlarar.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen