Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  27.04.2012
 
Oppdatert: 02.01.2017

Attraksjonar

Gruvene på Litlabø

Kisgruvene på Litlabø var i drift frå 1865 til 1968. På det meste arbeidde det om lag 400 personar i gruvene. Den gamle smia er innreidd til gruvemuseum med utstyr og reiskapar som har vore nytta i produksjonen. Venelaget for Gruo vart stifta i 1993, for å ta vare på minne – både gjenstandar, foto og historikk – frå gruvedrifta. Det er folk til stades i Gruo fast kvar torsdag frå klokka 12.00 - 18.00. Besøkjande kan bli med på ein spennande gruvesafari 300 meter inn i den gamle gruva. Delar av opplevingsturen går med tog. I opningstida kan interesserte koma og sjå seg om eller slå av ein prat. Ein kan òg nytta tida til å gjera avtalar om større arrangement, omvisning i gruva eller togturar.

Sunnhordland Museum

Sunnhordland Museum på Leirvik har åtte tun og mange samlingar. Museet arrangerer mange ulike aktivitetar for folk i alle aldrar, og har faste og midlertidige utstillingar. Stord Maritime Museum ligg i Leirvik hamn. www.sunnhordland.museum.no

Omnshuset på Huglo

Omnshuset på Huglo er eit privat museum med ei einestånde samling av gamle jarnomnar frå perioden 1850 – 1950. www.huglo.no

Kjøtteinen

Kjøtteinen er det viktigaste industriområdet på Stord, der mellom anna Aker Solutions har tilhald. Aker Solutions er hjørnesteinsbedrifta i kommunen med sine meir enn 1200 arbeidsplassar. Frå å vera sildoljefabrikk i 1919 har verksemda utvikla seg via skipsindustrien der m.a. verdas største tankskip blei bygde, til bygging av verdas største oljeplattformer. Det er eit eige museum på staden som syner historia frå sildoljefabrikk og fram til i dag.

Storddøra

Skulpturen på moloen ved innløpet av Leirvik heiter Storddøra og er laga av den kjende kunstnaren Sissel Tolaas, opprinneleg frå Stord.

Hystadmarkjo naturreservat

Hystadmarkjo er eit av dei mest særmerkte natur- og kulturområda i Hordaland. Den sjeldne svartorskogen i området har eit rikt dyre- og fugleliv. Her finn du også fortidsminne med store gravrøyser frå eldre bronsealder (ca. 1500 f.Kr.), og ein kolerakyrkjegard frå 1849. Ved sjøen er det tilrettelagt for friluftsliv og bading.

Stord kyrkje

I 1857 vart Stord kyrkje bygd på tuftene av ei eldre steinkyrkje frå 1300-talet. Kyrkja blei restaurert i 1957, og er ei såkalla langkyrkje, bygd i tegl.

Seminarhagen på Rommetveit

Ved Høgskulen Stord/Haugesund på Rommetveit er det eit fint og frodig hageanlegg (Seminarhagen). Her er over 150 tresortar frå ulike delar av verda.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen