Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Dame med koffert
Av:  Martin Dahle
Publisert:  18.02.2010
Foto: Camilla Larsson
Oppdatert: 07.02.2017

Velkommen til Stord

Kundetorget i rådhuset får du informasjon om dei kommunale tenestene i Stord kommune. Til høgre finn du lenker til nokre vanlege tenester for innflyttarar (barnehage, skule, fastlegar, helsestasjon og andre helsetenester, kulturtenester, renovasjon, byggemelding o.l.).  

Når du har flytta

Husk å melda flytting til skatteetaten (Folkeregisteret) innan åtte dagar: Flyttemelding

Nytt skattekort: Skattetaten

Adresseendring for posten: Posten 

Adresseendring til andre: På www.flytteportalen.no kan du fylla du ei flyttemelding som blir sendt til dei du ynskjer skal få beskjed. Du kan velga blant alle selskap og organisasjonar i heile Noreg.

Ansvarleg for straumnettet i Stord kommune er Sunnhordland Kraftlag (SKL). Tlf. til SKL sitt kundetorg er 53 49 60 00.

Spørsmål om bustad

Dersom du er på jakt etter bustad er finn.no eit godt utgangspunkt for å starta leitinga. Andre stader kan vera i lokalavisa (sjå lenke i høgre boks), eller hos dei lokale eigedomsmeklarane. Studentar kan søkja studentbustad på boligtorget.no/ssh.

Arbeid og jobbsøk

Nav har oversyn over ledige jobbar i Stord, sjå nav.no

Er du interessert i arbeid i Stord kommune? Ledige stillingar i kommunen finn du på vår nettside Ledige stillingar 

Jobbsøkinformasjon for EØS/EU-borgarar finn du på eures.no.

Opphaldsløyve

Er du statsborgar av eit EU/EØS/EFTA-land, treng du ikkje å søkja om opphaldsløyve dersom du ynskjer å arbeida i Noreg. I staden skal du registrera deg. Les om registreringsordninga

Er du borgar frå eit land utanfor EØS-området og ynskjer å ta arbeid i Noreg, må du som hovedregel ha opphaldsløyve. På UDI sine nettsider finn du meir informasjon om kven som treng opphaldsløyve for å arbeida i Noreg.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen