Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Trimtur i Landåsen
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  27.05.2013
 
Oppdatert: 15.02.2017

Lysløyper i Stord kommune

Lundarstølen – skiløype ca. 4,2 kilometer

Lyset er på frå skumringa til 23.00 haust/vintersesong
Stad: Lundsseter
Start og sluttpunkt: Parkeringsplass ved Fjellstova 8 kilometer frå Leirvik sentrum
Parkering: Ta av frå E39 1 kilometer nord for Ådland bru mot Lundsseter og følg vegen omlag 4 kilometer til Fjellgardane. Ta av mot venstre til Fjellstova, stor parkeringsplass.
Høgdeskilnad: 200 – 240 moh
Tidsbruk: 1,5 time

Turskildring: Gå attende 100 meter frå parkeringsplass mot Vasstasjon. Løypa er stengd for køyring med bom ved starten. Dette er ei kommunal lysløype, som er mykje brukt sommar som vinter. Traseen er opparbeidd som skogsveg, men det kan vera vanskeleg å koma fram med barnevogn. Etter 2 kilometer kjem du til Lundarstøl, ein gamal husmannsplass no eigd av verkstadklubben på Kværner og leigd av Røde Kors. Her er sett ut bord og benker og fint å ta pause. Herfrå er det omlag 50 meter til vegen frå Kattnakkjen som du følgjer attende til Fjellstova.

Du finn meir informasjon om skiløypa på Skigruppa sine heimesider.

Ådlandsvatnet rundt, ca 6 km

Lyset er på frå 06.00 om morgonen til dagslys, elles frå skumringa til 23.00
Start/sluttpunkt: Løypa går rundt vatnet og har forgreiningar til Stord kyrkje og Kattatveit, då vert turen ca 2 og 1 km lengre. Høgdeskilnad 5 - 35 moh.
Parkering: Saneset, Kattatveit, Vatna og ved Stord kyrkje (under Møllebrua)
Tidsbruk: Ein god 1 time rundt sjølve vatnet, noko ekstra om du startar frå Stord kyrkje eller Kattatveit.

Turskildring (Sanseset): Dette er ein tur for folk i alle aldrar. Veldig lite høgdeskilnad og fleire startpunkt. Vegen går langs Ådlandsvatnet med god utsikt over vatnet. Ikkje uvanleg å sjå både fisk og fuglar på runden. Føl tursti frå parkeringsplassen og sørover mot Trongaste, kryss brua og ta til høgre over på nylaga turveg (tek du til venstre kjem du til Frugarden/kyrkja). Følg vegen til Knutsanaustet der avgreining til Kattatveit gå, fortset rett fram mot Stuavikjo. Litt bratt frå Grønavikjo opp til Nonsåsen. Følg gamla (nygrusa) skogsveg til høgre mot Vatna og parkeringsplassen her. Herifrå tek ein asfaltvegen til høgre attende til Saneset.

Hustrudalen – Rødkleiv, ca 3,5 kilometer

Lyset er på frå 06.00 om morgonen til dagslys, elles frå skumringa til 23.00
Stad: Litlabø

Start/sluttpunkt: Vaskeriplanet
Parkering: Ta av frå E39 ved krysset til Litlabø og følg fylkesveg 544 forbi Litlabø skule og ned Stallbakken omlag 4,5 km. Parker på høgre side rett ved SKL sin transformatorstasjon.
Høgdeskilnad: 10 – 75 moh.
Tidsbruk: 40 min

Turskildring: Lysløypa inn Hustrudalen går på gamal grusveg til enden på Hustrudalsvatnet. Ta til høgre oppover dalføret på turveg og inn til byggjefelt i Rødkleiv. Følg asfaltert veg attende til Vaskeriplanet. Dette er ein fin rundtur. Du kan og starta frå Nysæter idrettsplass og gå lysløypa ned Steinabrekko, tur/retur vert då vel 4,5 km.

Landåsen ca 4,2 km (bildet)

Lyset er på frå 06.00 om morgonen til dagslys, elles frå skumringa til 23.00
Stad: Landåsen
Start og sluttpunkt: Parkeringsplassen på Vabakkjen
Parkering: Gode parkeringstilhøve. Følg vegen frå Leirvik sentrum mot Sagvåg til parkeringsplass på nordsida av vegen, vis-a-vis innkøyringa til Vikahaugane Sportssenter og Stord Ungdomsskule.

Høgdeskilnad: 30 – 60 moh
Tidsbruk: Omlag 1 time

Turskildring: Dette er ein klassisk søndagstur/kveldstur. Turen følgjer grusvegen inn til Landåsvatnet og er merka gult. Du kan enten ta det som ei rundløype ved å gå via byggjefeltet i Hadlabrekko og Stord vidaregåande skule (avdeling Vabakkjen) eller snu ved bommen. Snur du vert turen 1 kilometer lengre.

Prestagardsskogen idrettspark – helsesportløypa ca 1,4 km

Lyset er på frå 06.00 om morgonen til dagslys, elles frå skumringa til 23.00
Stad: Nordbygdo
Start/sluttpunkt: Parkeringsplass Prestagardsskogen idrettspark (Vestlivegen)

Turskildring: Helsesportløype der du kan du koma fram med rullestol, gå på rulleski eller jogga.
Kan og kombinerast med løypa under.

Prestagardsskogen idrettspark – Stord Hestesportsenter ca 2,6 km tur/retur

LyLyset er på frå 06.00 om morgonen til dagslys, elles frå skumringa til 23.00
Stad: Nordbygdo
Start/sluttpunkt: Parkeringsplass Prestagardsskogen idrettspark (Vestlivegen)

Turskildring: Grusa turløypa der du startar på parkeringsplassen og tek over gangbrua på Vestlivegen. Føl løypa rundt Prestagardsliofeltet og mot E 39 til Hestesportsenteret.
Kan og kombinerast med løypa over.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen