Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Nina Sørli
Publisert:  18.07.2011
 
Oppdatert: 20.06.2016

Arbeider med nytt lokalhistorisk verk

Stord bygdebok kom ut i tre band i 1966, 1972-73. Ei lokalhistorisk prosjektgruppe arbeider med eit nytt lokalhistorisk verk for Stord. Dette arbeidet tok til i 2000.

Bakgrunnen for dette arbeidet var målsetjinga i kommuneplanen om at innbyggjarane skal ha høve til å gjera seg kjende med den lokale historia, og at bygdesoga difor burde skrivast på ny.

Etter den opphavlege planen for det lokalhistoriske verket skal det gjevast ut både ei allmenn lokalsoge og ei busetnadssoge.

Allmenn lokalsoge

Den allmenne lokalsoga "Stord frå steinalder til oljealder" kom ut i tre band i 2005-2006. Dette verket tek for seg Stord si samla samfunnshistorie frå så langt attende som det finst spor etter menneske og fram til i dag.

Lokalhistorisk prosjektgruppe har sidan 2000 vore ansvarleg for arbeidet med verket og redaksjon for bøkene. Medlemer er: Guri Andresen Aksnes (sekretær), Jens Litlabø, Asbjørn Aasheim, Rune Jørgensen, Turid Tresselt Melheim og Nils Tore Økland.

Plan for ny busetnadssoge

Komiteen for miljø og kultur bad i 2007 den lokalhistoriske prosjektgruppa å ”halda fram med arbeidet med eit forprosjekt for ei busetnadssoge (gards- og ættesoge)” med tanke på finansiering av prosjektet på komande budsjett.

Busetnadssoga skal fortelja historia om kvar matrikkelgard (gardsnummer) og kvar bustad (bruk, tomt, husmannsplass) med tilhøyrande personopplysningar knytt til husstand eller familie fram til i dag.

Det er planlagt fire trykte band delt slik:

  • Huglo og Nordbygdo
  • Leirvik og gardane omkring
  • Sørbygdo
  • Sagvåg og Litlabø

Det er tenkt eigne grendelagskapittel saman med bolkar for kvart gardsområde og folket som har budd og bur der.

Minimumsopplysningar for kvar person er noverande og tidlegare namn, fødselsår og evt. dødsår, fødestad og seinare bustad med eventuelle tilvisingar til andre bygdebøker, og yrke.

Finansiering

Busetnadssoga vart i 2009 kalkulert til to årsverk pr. band med ein bruttokostnad alternativt på 9,2 - 9,9 millionar kroner (salsinntekter ikkje frårekna) med to eller ein forfattar. Komitéen for næring, miljø og kultur merkte seg dette kostnadsoverslaget i sak 37/2009 som eit grunnlag for budsjettarbeidet.

Det er ikkje funne plass til arbeidet med busetnadssoga på kommunebudsjettet så langt. Prosjektgruppa arbeider i mellomtida med å få samla inn eller lagt til rette viktig kjeldemateriale. I 2008 vart det som ein prøve utarbeidd gardssoge for gnr. 62 Petateigen.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen