Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Nyhendearkiv Gå til startsida for Stord kommune
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  11.02.2014 12:46
 
Oppdatert: 03.01.2018 09:19

Pris for innovasjon og nytenking

Stord kommune har ein pris som skal påskjøna og motivera til nytenking og innovasjon innanfor kommunen.

Prisen skal tildelast ein eller fleire personar/einingar som gjennom sitt arbeid eller sine forslag medverkar til effektivisering, fagleg utvikling og/eller til betra trivsel og arbeidsmiljø i kommunen.

Gode idear

Dei tilsette sine idear til nyskaping kan verta fanga opp, tekne i bruk og kan slik skapa gode verdiar for Stord kommune.

Kunst og pengar

Stord kommune sin pris for innovasjon og nytenking er eit kunstverk med verdi inntil
kroner 10 000 og ein pengesum på kroner 10 000 som tilsette eller einingar kan nytta fritt.

Prisen og pengane vert finansiert over formannskapet sin tilleggsløyvingskonto.

Jury

Driftsstyret er jury og tilsette i kommunen skal melda inn kandidatar innan 1. november.

Juryen skal verktleggja eit eller fleire av følgjande kriterier:

  • om tiltaket er nyskapande
  • om tiltaket medfører betre kvalitet
  • om tiltaket medfører auka effektivitet
  • om tiltaket har overføringsverdi til andre einingar/tenester 

Prisen vert delt ut i kommunestyret i desember.

.