Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Nyhendearkiv Gå til startsida for Stord kommune
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  16.06.2017 09:18
 
Oppdatert: 11.08.2017 10:00

Offentleg ettersyn: Landbruksplan for Stord og Fitjar 2017-2025

Det vart vedteke i møte i Komitè for næring, miljø og kultur 31.05.17 å leggja Landbruksplan for Stord og Fitjar 2017-2025 ut på offentleg ettersyn. Merknadsfrist er 10. august.

Landbruksplanen skal ivareta fleire hovudfunksjonar:

  • Den skal gi tydelege signal om kva som er viktige areal og ressursar for landbruket.
  • Få fram kva landbruksnæringa har å seia for verdiskaping, sysselsetjing, busetjing, kulturlandskap og anna næringsliv.
  • Planen skal elles gi føringar for kommunen som landbruksmynde i høve til korleis økonomiske og juridiske verkemiddel skal forvaltast.
  • Planen skal vera eit forvaltingsverktøy, og klargjera kva for prinsipp som skal leggjast til grunn ved handsaming av einskildsaker.
  • Planen skal også gjera tydeleg landbruket sitt ansvar i høve til miljøverdiar, tilrettelegging for friluftsliv, biologisk mangfald, landskapsverdiar og kulturmiljø.
  • Planen skal vera eit viktig sektorinnspel til andre kommunale planar, i særleg grad til kommuneplanen.

Plandokument

Merknader

Moglege merknader til planen skal sendast til:

Fitjar Kommune
Postboks 187
5402 STORD

eller på epost til: post@fitjar.kommune.no

Spørsmål om planforslaget kan rettast til Fitjar kommune v/Audun I. Torvund, på e-post: auto@fitjar.kommune.no eller mobil 997 02 066.

Merknadsfrist: 10. august 2017

.