Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  05.04.2017 08:49
 
Oppdatert: 05.04.2017 09:12

Jubileumshelsing frå rektor

Hundreåringen som aldri kviler

Leirvik skule, den kvite kjempa som ligg på høgda over Vikjo. Her har leirviksgutar og -jenter leika og lært i hundre år.

I starten var det berre fire klasserom, men etterkvart som folketalet auka, nye fag med nye arbeidsmåtar kom til, har skulen vorte utbygd ei rekke gonger.

Skulen har blitt til eit spanande konglomerat som til tider kan vera vanskeleg å finna fram i, samstundes som ein gjennom utbyggingane har klart å behalda eit heilskapleg og majestetisk ytre. Dette er med på å understreka at sjølv om me er ulike, så kan me stå i lag og skapa ein god heilskap.

Her er skule på dagen, leksehjelp og SFO på ettermiddagstid. På kveldstid er det ungar som trener fotball, turn og taekwondo, skulekorpset øver til 17.mai og konkurransar, og Stordkoret og Stordabuen førebur nye oppsettingar. Ikkje nok med det, skulen lever også nattestid! Med fleire tusen overnattingsdøgn i året må skulen vera den største overnattingsstaden på Stord utanom hotella.

I jubileumsåret har me hatt fokus på at det er viktig å våga å satsa om me skal lukkast, og ikkje vera så redde for å gjera feil. No har me tatt skikkeleg sats og klinkar til med jubileumsførestilling, utstilling i Kulturhuset og sal av jubileumsavis. Og me trur det skal gå bra. Me har med oss dyktige medarbeidarar, alle dei flotte elevane våre og gode støttespelarar med hjarte som bankar for Leirvik skule! Me vil visa at me er ein levande hundreåring som ikkje har tenkt å gå inn for landing heilt enno.

Bjarte Bongom, rektor

Program for førestillinga finn du her.

.

Leirvik skule
Vikabrekko 51
5417 Stord

 

Telefon skule: 53 40 96 50
Telefon SFO: 53 40 96 55

 

E-post rektor:
bjarte.bongom@stord.kommune.no

Ansvarleg redaktør: Bjarte Bongom

Følg Leirvik skule på facebook