Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde Susann H. Aadland
Publisert:  17.03.2017 00:00
 
Oppdatert: 13.03.2017 14:05

ID 1260 Vernepleiar

Eining for Habilitering, avd. avlasting og miljøarbeid, har ledig 100 % vikariat som vernepleiar/assisterande avdelingsleiar.
Søknadsfrist: 31.03.17

Eining for Habilitering yt tenester til personar med utviklingshemming, koordinering av ulike tenester til heimebuande barn/ungdom og andre personar som ikkje bur i bustad med heildøgnsomsorg. Avlastingstilbodet er lagt til ei avdeling; Avlasting og miljøarbeid. Avlastingsbustaden ligg i Sævarhagen, ca. 5 minutt å kjøra frå Leirvik sentrum.

Vernepleiar (ID 1260)

Det er ledig 100 % vikariat som vernepleiar/assisterande avdelingsleiar. Stilling i turnus med dag/kveld og kvar 4.helg. Vikariat frå dags dato og til april 2018.

Me ynskjer medarbeidarar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Den som vert tilsett må ha god norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Assisterande avdelingseiar har avdelingsleiar sitt ansvar og fullmakter ved denne sitt fråvær
  • Miljøarbeid. Dette inneberer blant anna å følgja opp eininga og avdelinga sine målsetjingar
  • Yta tenester av god kvalitet innanfor tildelte ressursrammer og i samsvar med
  • tenestemottakar sine vedta
  • Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standar og rettleie anna personale i faglege
  • og etiske spørsmål
  • Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
  • Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon
  • Halda seg fagleg oppdatert
  • Gjera seg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i sin drift
  • Utarbeiding og oppfølging av individuelle planar
  • Planlegging og gjennomføring av ansvarsgruppemøter
  • Samarbeid og rettleiing av foreldre/føresette

Kvalifikasjonskrav:

Autorisert vernepleiar. Autorisert sjukepleiar og personar med bachelor innan sosialfag eller pedagogiske fag kan verta vurdert. Det er ynskjeleg med erfaring frå å jobba med brukargruppa og erfaring med utarbeiding og oppfylging av individuelle planar. Førarkort klasse B er eit krav.

Alle nytilsette må levera politiattest.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Ingfrid Kambe Strømsnes, tlf. 53 49 68 14/975 52 159 eller einingsleiar Nina Steinsbø Walquist, tlf. 53 49 68 82/975 52 048

Søknadsfrist: 31.03.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen