Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde Aadland
Publisert:  30.06.2017 00:00
 
Oppdatert: 26.06.2017 09:44

ID 1298 Ungdomskontakt

Førebyggjande tenester har ledig 100 % prosjektstilling som ungdomskontakt.
Søknadsfrist: 21.07.17

Ungdomskontakt (ID 1298)

Førebyggjande tenester har ledig 100 % prosjektstilling som ungdomskontakt. Arbeidstid vert 37,5 timar pr. veke, ettermiddags- og kveldsarbeid må påreknast fleire kveldar pr. veke. Stillinga er fram til 31.12.2019 med moglegheit for at stillinga vert fast etter prosjektperioden er over.

Stord kommune har fått tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet til å oppretta ein ungdomskontakt i førebyggande eining. Stillinga skal vera ein del av/knytt opp til ungdomsteamet i Stord kommune. Rolla vil i samarbeid med mellom anna utekontakten, SLT-koordinator inngå i eit ungdomsteam som skal arbeide med ungdommar med utfordringar innan rus, psykisk helse og dei samansette utfordringar som dette skapar for ungdom og deira familiar. Det kan og vera aktuelt og arbeida med ungdom i grupper. I arbeidet vil ein fylgja opp ungdommar gjennom å vera ein medspelar for ungdommen og familien, samt vera ein los gjennom dei ulike systema og instansar som er kravd for kvar enkelt ungdom.

Me søkjer deg som har:

  • Arbeidd med ungdom tidlegare
  • Som har erfaring med systemarbeid på kommunalt nivå
  • Som har gode samarbeidsevne
  • Som har eit positivt syn på utfordringar og er løysningsorientert
  • Som har god evne til å få kontakt med ungdomar
  • Som evnar å stå i utfordringar over tid, både i systemarbeid og i oppfylging av enkeltindivid.
  • Som er uredd og initiativrik i møte med ungdommar, familiar og andre instansar
  • Som ser viktigheten av god dokumentasjon i arbeidet ein gjer

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • 3 årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning
  • Vidareutdanning innan rusarbeid og/eller psykisk helse
  • Gode samarbeidsevne
  • Fleksibel
  • Har førarkort for bil

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Alle nytilsette må levera politiattest.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Om du har spørsmål ta kontakt med einingsleiar Birthe Blokhus tlf. 92064415, eller SLT-koordinator Bjarte Epland tlf. 48153218.

Søknadsfrist: 21.07.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen