Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde Aadland
Publisert:  19.08.2016 00:00
 
Oppdatert: 10.01.2017 09:14

Turnuslege i Stord kommune

Stilling kopla til Stord sjukehus.

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 18.000 innbyggjarar.  Stord er kommunikasjons- senter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger.  Her er flyplass med flygingar til m.a. Oslo.  Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet.  Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning, sjukepleiarutdanning og ingeniørutdanning.  Vidare ligg Stord sjukehus her. Stord har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar, og det er gode vilkår for sport og friluftsliv. 

Turnuslege

Stord kommune har mangeårig erfaring med å ha turnuslege knytt til Heiane legesenter. Rettleiar for turnuslegen arbeider saman med 3 andre legar i same kontorfellesskap. Turnuslegen får offentleg allmennmedisinsk arbeid på rehabiliteringssenter og som vikar innafor førebyggjande helsetenester ved behov.

Me har eit innføringsprogram på legevakta som inneber sjølvstendig vakt tidlegast 2 veker etter tilsetjing. Det er fast namngjeven bakvakt i legevaktarbeidet gjennom heile turnusperioden. Slik vaktdelinga har vore no, må det påreknast 3 vakter kvar mnd.

Stillinga er bindande kopla til Helse Fonna HF, Stord sjukehus. I samråd med Helse Fonna HF har me utvelgingskriterier nedfelt i avtale.

Søkjarar med anna morsmål enn norsk, svensk, dansk og som ikkje har teke utdanning på norsk universitet, må kunna dokumentera bestått språkkurs på C1 nivå når språkkurs vert krevd.

Det må søkjast gjennom Helsedirektoratet sin web-baserte søknadsportal, med gjeldande fristar.

Tilsettings kontakt: Kari Presthaug tlf. 53496637.

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen