Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde Aadland
Publisert:  07.07.2017 00:00
 
Oppdatert: 03.07.2017 13:50

ID 1300 Sjukepleiar/vernepleiar

Eining for psykisk helse og rus har ledig 14,32 % fast helgestilling.
Søknadsfrist: 04.08.17

Eining for psykisk helse og rus omfattar ulike tilbod og tenester til personar frå 18 år og oppover med rus- og/eller psykiske vanskar. Eininga er inndelt i 4 avdelingar og 7 team.

Sjukepleiar/vernepleiar (ID 1300)

Me har ledig fast 14,32 % helgestilling i avdeling for oppsøkjande tenester. Oppstart snarast. Det vil vera moglegheitar for ekstravakter og korte vikariat generelt i eininga.

Som tilsett hos oss vert du del av eit tverrfagleg- og godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar.

Me søkjer etter personar med:

  • Sjukepleiar eller vernepleiar, med autorisasjon og vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rus. Sjukepleiar/vernepleiar  med erfaring innan fagfeltet kan og søkje
  • Erfaring innan psykisk helse og rusfeltet
  • Har arbeidsglede og godt humør
  • Er positiv, initiativrik og strukturert
  • Har samhandlingskompetanse
  • Bidrar til ein god organisasjonskultur
  • Bidrar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set seg

Stillinga høver for personar som er fleksible og ynskjer variasjon i kvardagen.  Personlege eigenskapar vert stert vektlagd. Du må ha førarkort klasse B.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato og autorisasjon.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til einingsleiar Diana Bergeland  Tlf. 53 49 66 61 / 952 43 278  eller Anne Bianka Nitter tlf. 53 49 6706 /930 06 283

Søknadsfrist: 04.08.2017

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen