Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Tone Westerheim
Publisert:  01.12.2017 00:00
 
Oppdatert: 28.11.2017 12:36

Servicemedarbeidar ID 1333

Eining for aktiviter og re/habilitering har ledig 50 % fast stilling som servicemedarbeidar.
Søknadsfrist: 15.12.17

Servicemedarbeidar (ID 1333)

Stord kommune har ledig 50 % fast stilling for servicemedarbeidar.  I stillinga skal ein vera med å leggja til rette for at  fleire innbyggjarar uansett funksjonsnivå skal kunne bu lengre i heimen, og kunne oppretthalde eit aktivt og ynskja liv.

Servicemedarbeidar har ansvar for logistikk kring hjelpemiddel frå Rikstrygdeverket og hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager. Hjelpemiddel er eit av fleire tiltak for å kunne klare seg sjølv og vere aktive i kvardagen.

Arbeids- og ansvarsområde:

Servicemedarbeidar  skal jobbe i team og  samarbeide med ergoterapeutar, fysioterapeutar, heimebaserte tenester og andre med formidling, klargjering og montering av hjelpemiddel i tillegg til enklare reperasjonar. Mykje av arbeidet foregår i heimane til folk, og i tett dialog med innbyggjarar som har behov for hjelpemiddel.

Kvalifikasjonskrav:
Søkjar må kunne utføre praktisk arbeid av ulikt slag, og ha ei brei kompetanse innan praktisk arbeid.  Søkjar må ha evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og kunne omgås menneskje i ulike fasar i livet på ein god måte. Det er krav om gode norskunnskaper, sertifikat klasse B og politiattest. Søkjar må ha evne til å setje seg inn i nye dataprogram og vere interessert i å tileigne seg ny kunnskap t.d. ved kursing. Godt humør og positiv innstilling til arbeid og medarbeidarar er ein føresetnad.  Søkjar må vera løysingorientert og ein dyktig lagspelar når utfordringar melder seg. Søkjar har evne til å samarbeide og tenkje nytt.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson:
Nærare opplysningar hos einingsleiar Kristin Steinsland  tlf 41 69 42 66

Søknadsfrist: 15.12.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen