Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde Susann H. Aadland
Publisert:  10.03.2017 00:00
 
Oppdatert: 09.03.2017 09:17

ID 1251 Rektor

Tjødnalio skule har ledig stilling som rektor.
Søknadsfrist: 02.04.17

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med 18 000 innbyggjarar.  Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo.  Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med vidaregåande skular, allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Vidare ligg Stord sjukehus her. Stord har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar, og det er gode vilkår for sport og friluftsliv.  Stord kommune har flat struktur og er organisert i sjølvstyrte einingar med eige budsjettansvar.

Stordskulen
Skulane i Stord har fokus på kvalitetsutvikling, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønskjer å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre. Tjødnalio skule, med sine om lag 220 elevar og 30 tilsette, er ein av 10 grunnskular i kommunen. Skulen er teamorganisert, legg stor vekt på kreative arbeidsmåtar og praktisk estetiske fag. Elevane arbeider tidvis i aldersblanda grupper. Skulen har dei siste åra hatt fokus på VFL, lesing og skriving. Inneverande år er rekning i alle fag og utvikling av sosial kompetanse fokusområde.

Rektor (ID 1251)

Tjødnalio skule har ledig 100 % fast stilling som rektor.
Stillinga er ledig f.o.m. 01.08.2017.

Me søkjer ein leiar som

  • vil utvikla og leia ein god skule i samarbeid med elevar, foreldre/føresette, lærarar og andre tilsette
  • er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla du set deg
  • har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for grunnskulen, og kommunen sine plikter i medhald av desse
  • har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • likar leiing og administrasjon og har relevant kompetanse og erfaring
  • er positiv, initiativrik og strukturert
  • veit korleis du skal byggja god organisasjonskultur
  • vil skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • involverer seg i skulekvardagen på eigen skule og i Stord kommune

Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis og kompetanse innan administrasjon/ leiing. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krav om kompetanse. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Jf. Opplæringslova § 10-9 

Stord er ein to-nivå–kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, har rektor og ansvar for drift og økonomi.  Rektor rapporterer til rådmannen v/ein av kommunalsjefane, og har leiaravtale med kommunalsjefen der rettar, plikter og mål vert omtala.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. 

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt tlf. 53 49 66 89 eller 41 41 65 03. 

Søknadsfrist:       02.04.2017

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen