Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Tone Westerheim
Publisert:  24.11.2017 00:00
 
Oppdatert: 21.11.2017 10:56

Medisinsk fagleg rådgjevar ID 1331

Sunnhordland interkommunale legevakt har ledig 30 % fast stilling som medisinsk fagleg rådgjevar.
Søknadsfrist 15.12.17

Medisinsk fagleg Rådgjevar (ID 1331)

Sunnhordland Interkommunale legevakt har ledig fast stilling som medisinsk fagleg  rådgjevar i  30 % stilling, stillinga er ledig frå 1.desember 2017. Føremålet med stillinga er å  sikra god kvalitet på tenesta i tråd med rettleiande normer og  krav i forskrifter.

Interkommunal legevakt er lokalisert i 1.etasje i Legevaktbygget i nær relasjon til Stord sjukehus. Ein flytta inn i det nye bygget 1.februar 2017.

Medisinsk fagleg rådgjevar skal saman med dagleg leiar og styret, sikre eit godt fagleg og etisk nivå og vidareutvikle tenesta.

Stillingsomtale for funksjonen:
Legen er kontaktperson mellom legetenesta  og administrasjonen for selskapet, og skal sikra og utvikle den faglege kvaliteten ved legevakta.

Oppgåver:

  • Sikre at gjeldande lov- og forskriftskrav blir fylgt
  • Fylgje tilråding frå kompetansemiljø i legevaktsmedisin og godkjende rettleiardokument
  • Saman med dagleg leiar handtere og behandle klagesaker.
  • Revidere og oppdatere internkontrollen saman med dagleg leiar
  • Ansvarleg for å sikre opplæring av legar som tek til ved SIL. Sikre kvalifikasjonar og innhenta referansar knytt til legevikarar i legevakta.
  • Fagleg oppfølging av det tilsette i legevakta. Oppfølging ved behov for kurs, prosedyregjennomgang, opplæringsvakter m.m.
  • Utarbeiding av vaktplan for legar i legevakta og system for å få inn vikarar ved sjukefråvær, ferieavvikling, permisjonar, vakansar m.m.
  • Ta ansvar for fagleg utvikling av SIL, legge til rette for fagleg godt samarbeid med andre instansar
  • Delta i møte- og utviklingsarbeid knytt til legevakta.

Me søkjer etter autorisert lege med:

  • Motivasjon for å støtta fagleg utvikling av akutt- og legevaktmedisin gjennom relasjonsbygging i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Syn for eigen og medarbeidar si fagutvikling knytt til legevakt.

Me legg vekt på personlege eigenskapar og god norsk kommunikasjon ved tilsetjing. Vurderingar blir gjort i intervju med tanke på evne og interesse for utvikling av faglege prosedyrar og rutinar for samarbeid internt i avdelinga og mot samarbeidspartar.

Stillinga kan kombinerast med dei andre utlyste stilling som deleliste som fastlege (sjå eigne utlysingstekstar).

Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysingar om stillinga kontakt dagleg leiar Janett S. Svendsen ( tlf. 90637805), eller noverande innehavar av stillinga, Kristian Myklevoll (tlf. 46966665)

Søknadsfrist: 15.12.2017

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen