Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  10.10.2017 14:00
 
Oppdatert: 10.10.2017 13:47

ID 1322 Fysioterapipraksis

Stord kommune har ledig fysioterapipraksis med 100 % kommunal driftsavtale.
Søknadsfrist: 31.10.17

Stord er ein industrikommune i Hordaland med vel 18 000 innbyggjarar. Kommunen er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Me har flyplass med flygingar til m.a. Oslo. Kommunen er landfast mot sør gjennom Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for Sunnhordland. Me har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv.

Fysioterapipraksis (ID 1322)

Det er ledig fysioterapipraksis frå 01.01.18 med 100 % kommunal driftsavtale. Verksemda er godt innarbeidd, har vore drive av 1 fysioterapeut og er lokalisert til Centrum Fysikalske Institutt. Lokala er på 102 kv.m, 2 behandlingsrom og treningsområde med tilgjenge for rørslehemma. Desse kan nyttast av 2 fysioterapeutar samstundes. Lokala er utstyrt med det mest vanlege på eit institutt. I tillegg «multimaskin», 2 ergometersyklar, elipsemaskin, Vibexel pro – vibratorplate, elektrisk traksjonsbenk, 3 ulike trykkbølgemaskiner, Scanlab 2016 mod. og Endomed 582.

Verksemda må vera med på å  gje eit heilskapleg tilbod til folk i kommunen. Heimelen skal drivast etter gjeldande lovverk, avtaleverk for fysioterapeutar og planar som vert utvikla for Stord kommune.

Søkjar må:

  • ha autorisasjon som gjev rett til å praktisera som fysioterapeut
  • ha refusjonsrett frå Helfo
  • vera fagleg dyktig og ha gode samarbeidsevner
  • ha gode norskkunnskapar med  tilfredsstillande kommunikasjonsevne

Overtaking skal følgja Rammeavtalen ASA 4313. Det må leggjast fram politiattest ved oppstart.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hjå noverande eigar Finn A. Olsen E-post: finaolse@online.no eller tlf.53412189/90999596 og/eller kommunalsjef Knut J. Gram E-post: knut.johannes.gram@stord.kommune.no eller tlf. 53496600 (sentralbord).

Søknadsfrist: 31.10.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen