Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Hilde Susann H. Aadland
Publisert:  06.03.2017 10:00
 
Oppdatert: 06.03.2017 12:08

ID 1248 Fastlegeavtale

Stord kommune, Landsbylegane, har ledig avtale for fastlege.
Søknadsfrist: 11.04.17

Stord er ein industrikommune i Hordaland med vel 18 000 innbyggjarar. Kommunen er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Me har flyplass med flygingar til m.a. Oslo. Kommunen er landfast mot sør gjennom Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for Sunnhordland. Me har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv.

Fastlegeavtale (ID 1248)

Det er ledig fastlegeavtale med personliste på kring 1100.

Avtalen er lokalisert sentralt på Stord i Landsbylegane AS på Leirvik. Det er eit senter med 4 spesialistar i allmennmedisin som har om lag 4400 personar på listene. Praksisen har gode lokale, stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring. Dei har Plenario journalsystem knytt til NHN, avtale med Noklus  for laboratoriearbeidet og kvalitetssystemet TrinnVis.

I Sunnhordland er det jamt rettleiingsgrupper for spesialisering i allmennmedisin.

Det kan verta aktuelt med inntil 7,5 t/v andre allmennlegeoppgåver i kommunen. Ei ordning med fastløn kan eventuelt drøftast. Dette vil i så fall krevje ei politisk handsaming.

Legen må ta del i vakt som er eit interkommunalt samarbeid mellom Bømlo, Fitjar og Stord kommunar. Vaktdistriktet omfattar vel 31 000 innbyggjarar med om lag 3 vakter/mnd., fastlønsordning  og oppdelt vaktdøger. Det er tilstadesvakt for lege samlokalisert med interkommunalt øh. døgntilbod i eige bygg ved Stord sjukehus og tilgjenge av sjukepleiar heile vaktdøgeret.

Søkjar må kunna nytta norsk språk på ein tilfredsstillande måte. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeida.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest ved oppstart.

Dersom søkjar ønskjer å vera unnateken offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysingar om søkjar kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom  ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Nærare opplysningar hjå kommunelege Sørheim tlf. 53496630 eller 53496600 (sentralbord) eller personal- og organisasjonssjef Annlaug Tenold tlf. 53496600 (sentralbord)

Søknadsfrist: 11.04.17.

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til:

Personalkontoret v/ Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen