Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Linda Bach
Publisert:  01.12.2017 00:00
 
Oppdatert: 28.11.2017 12:19

Ergoterapeut ID 1332

Eining for aktivitet og re/habilitering har ledig 70% fast stilling som ergoterapeut.
søknadsfrist: 15.12.17

Eining for aktivitet og re/habilitering – ein aktiv og travel arbeidsplass i tett samarbeid med andre ergoterapeutar i eininga, andre fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar utanfor  eininga.

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Me kan tilby varierte oppgåver i eit travelt og tverrfaglig miljø.

Avdeling for døgnrehabilitering : av 16 korttidsplasser ved avdelinga er det for tida 4-5 plasser for rehabilitering. Dei andre plassane er for mottakspasientar ,  pasientar på anna korttidsopphald, eller avlastingsopphald.

Avdelinga er ein variert og triveleg arbeidsplass med fokus på tverrfaglegheit og godt samarbeid.

Ergoterapeut (ID 1332)

Eining for aktivitet og re/habilitering har ledig 70 % fast stilling for ergoterapeut frå 11 desember 2017 som er delt stilling mellom avdeling for kommunale ergoterapi og rehabilteringdøgnavdeling.

Arbeids- og ansvarsområde:
20 % av stillinga er med arbeid på sengepost i vekedag  der ergoterapeut arbeidar med rehabiliteringspasientar med fokus på ADL-trening. Ergoterapeut vil ha eit ansvar for samarbeid mellom rehabiliteringsavdelinga og avdeling for fysio- og ergoterapi.

I 50 % av stillinga  er arbeidsområde i hovudsak å gi ergoterapitenester til heimebuande i Stord kommune med behov for tilrettelegging av bustad/omgjevnader, ADL- og funksjonstrening, hjelpemiddelformidling mm. Ergoterapeut er koordinator i enkeltsaker.

Personlege eigenskapar og kontinuitet i avdelinga vert vektlagt. Det vert lagt vekt på evne til samarbeid, til god kommunikasjon med brukarane, god arbeidskapasitet og arbeidsglede. Me ynskjer kollega som er løysingsorientert og som likar utfordringar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team.

Sertifikat for bil er naudsynt.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hos avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi Andreas Sirevaag tlf. 414 05 425, avdelingsleiar Asbjørg Hovland Verpelstad tlf: 48277542  eller hos einingsleiar Kristin Steinsland tlf 416 94 266

Søknadsfrist: 15.12.17

Søk på stillinga

Kontaktinformasjon

Spørsmål knytt til det å søkja jobb i Stord kommune kan rettast til Løn og personal:

Hilde Susann H. Aadland

Tlf: 53 49 66 93

E-post: hilde.aadland@stord.kommune.no

Lærlingordninga v/ Siv Nesse

Tlf: 53 49 66 97 / 472 83 387

E-post: siv.nesse@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen