Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  05.07.2017 10:19
 
Oppdatert: 07.07.2017 11:29

Ny avgrensa høyring: Detaljregulering for gnr/bnr 27/89 m.fl., Borggata

Føremålet med planforslaget er å leggja til rette for 3 bustadblokker med parkering i kjellar og tilhøyrande areal for trafikk og uteopphald. Merknadsfrist er 14. august.

Planområdet omfattar om lag 2,45 daa, og det er opna for maks 8 bueiningar.

Planforslaget var ute til  offentleg ettersyn for første gong i 2014. Det kom inn 12 uttalar/merknader. Som følgje av justeringane gjort i planframlegget etter offentleg ettersyn, vart planen sendt på avgrensa høyring til alle berørte naboar 21.09.2015 – 19.10.2015. Det kom inn 5 merknader frå naboar.

Planframlegget vert no sendt for ei ny avgrensa høyring til Statens vegvesen, Stord kommunalteknikk (vegmynde) og alle berørte naboar med tilkomst frå vegen i Trudvangsmoget.

Plandokument

(Dokumenta er i pdf-format. For å lesa dei trengs gratisprogrammet Adobe Acrobat Reader innstallert på maskina. Klikk her for å lasta ned.)

Plandokumenta kan ein og sjå ved eining Regulering, byggesak og oppmåling i rådhuset på Leirvik.

Merknader

Moglege merknader til den mindre endringa skal sendast til:

Stord kommune
Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD

Eller på e-post til: rbo@stord.kommune.no

Merknadsfrist: 14 august.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen