Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  11.05.2017 16:00
 
Oppdatert: 11.05.2017 16:04

Detaljregulering Grunnavågen Industriområde del II

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8  vert det varsla oppstart av arbeid med detaljregulering for Grunnavågen Industriområde del II - reguleringsendring.
Planområdet som skal endrast omfattar i hovudsak eigedom gnr/bnr 53/3 og er omlag 8,5 daa. Område er vist med skravur på kartutsnittet under.

 Planavgrensing synt på kart

Planstatus og føremål

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for ei reguleringsendring av hamneføremålet. Det meste av dette arealet er føreslått endra til industriføremål. Planarbeidet medfører at det vert opna for bygging av industribygg i området, med tilhøyrande kaianlegg. Området rundt gamle kiskaien vert oppretthaldt som hamneområde.
Samstundes vert heile planen oppdatert i samsvar med gjeldande teiknereglar etter ny plan- og bygningslov (PBL 2008).
Detaljreguleringa vert utarbeida som ny plan med ny planident og skal erstatte plan R-221-000.

Nærare orientering om planarbeidet kan ein få ved eining Regulering, byggesak og oppmåling (RBO).

Merknader
Eventuelle merknader eller innspel som har innverknad på planarbeidet
skal sendast skriftleg til:

Stord kommune, RBO
Postboks 304
5401 Stord

eller på e-post: rbo@stord.kommune.no

Merknadsfrist: 9. juni 2017

Gjeldande planar

Etter at kunngjeringsperioden er ferdig,
vert planane gjeldande.

Reguleringsplanar kan då søkjast opp på www.fonnakart.no. Andre planar vert å
finna på sida Planar.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen