Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  02.08.2017 10:34
 
Oppdatert: 03.08.2017 12:54

Prisar og stipend 2017

Bli med å stem fram priskandidatar eller søk om kulturstipend innan 15.09.2017

KULTURPRIS

Til kulturarbeidar, kunstnar eller lag med tilknyting til og forankring i Stord kommune. Prisen blir gjeven for aktivt kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefulle einskildtiltak.

ELDSJELPRIS

Til ein person, eit lag eller ein organisasjon for langvarig og tru teneste eller for nyskaping innanfor frivillig sektor.

SENIORPRIS

Til ein person eller ei gruppe av seniorar med tilknyting til og forankring i Stord kommune. Prisen blir gjeven som ei påskjønning i høve til det eldre bidreg til i samfunnet.

MÅLPRIS

Til verksemder eller organisasjonar som brukar god nynorsk i reklame og annan skriftleg informasjon.

PRIS FOR GOD TILGJENGE

Regjeringa sin handlingsplan seier at Noreg skal vera universelt utforma innan 2025.

Stord kommune deler ut pris til den butikken, banken, serveringsstaden, kulturinstitusjonen, hotellet, organisasjonen eller andre i Stord kommune som har planlagt og gjort ein innsats for å skapa eit samfunn for alle.

KULTURSTIPEND

Kulturarbeidarar og kunstnarar med tilknyting til og forankring i Stord kommune kan søkja stipendet til bestemte arbeidsoppgåver, til studiereiser og til utdanning.

Skriftlege framlegg til priskandidatar og stipendsøknad kan sendast til Stord kommune, boks 304, 5402 Stord, eller e-post til post@stord.kommune.no innan 15. september

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen