Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  14.12.2017 09:14
 
Oppdatert: 17.01.2018 08:27

Har du planar om å oppgradere eit eldre hus eller bygge nytt??

Stord kommune søkjer gjennom prosjekt «Godt å bu heime» innbyggjarar i Stord kommune som har planar om å oppgradere eller byggje nytt hus.

I prosjektet ynskjer me å følgje prosessen i planleggingsfasen og vidare, dersom det lar seg gjere, fram til huset er oppgradert eller ferdig bygd.

Bakgrunn for prosjekt «Godt å bu heime» er eit ynskje om at fleire skal ha ein bustad som gjer at dei kan bu der uavhengig av livssituasjon. Det skal i arbeidet med dette leggast særleg vekt på universell utforming og branntryggleik.

Eit tilgjengeleg, funksjonelt og trygt hus treng ikkje vere eit kjedeleg hus. Det finns gode eksempel på hus som har desse kvalitetane, men der og det estetiske og vakre er ein del av heilskapen.

Den eller dei familiane som Stord kommune føl gjennom prosessen med å planlegge oppgradering av huset sitt eller bygginga av nytt hus vil få gratis tilgang på fagekspertise på universell utforming og brannsikring. Dei vil i tillegg få arkitekttenestar for inntil kr.12 000. Men eigarane finansierer sjølv alle byggekostnadar. Familien må vere innstilt på at det blir tatt bilde og små videosnutter som blir gjort offentleg på facebooksida til prosjekt, Husbanken og anna.

Stord kommune vil med prosjekt «Godt å bu heime» informere og gje råd til innbyggjarar, unge og eldre, om at det er lurt å tenkje at dei skal kunne bu i huset sitt heile livet om dei ynskjer det. Det er ikkje greitt å måtte flytte ut av heimen fordi det har skjedd ein skade eller ein vert råka av sjukdom.

Vil du og din familie ta del i prosjekt «Godt å bu heime» ved at Stord kommune får fylgje Dykk i planleggingsfasen av oppgradering av hus eller bygging av nytt hus? Du kan vere ung i etableringsfasen, midt i livet og skal byggje ein meir lettstelt bustad eller eldre som planlegg for alderdommen

Søknaden må innehalde:

  • Informasjon om det er oppgradering av hus eller å byggje nytt hus.
  • Alder på familiemedlemar.
  • Ved oppgradering av hus: Teikning/bilde av huset og/eller planar/ kva for funksjonar som ikkje tilfredsstiller kvardagslivet og som du tenkjer må endrast.
  • Ved nybygg: Kor langt er du komen i planlegging, eventuelt husteikningar, eventuelt tomt og framdriftsplan.
  • Sei noko om kvifor du ynskjer å delta i prosjektet.

Send søknad til:

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

Merk konvolutten «Godt å bu heime»

e-post: post@stord.kommune.no

Søknadsfrist er 24. januar.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen