Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  03.02.2016 13:18
 
Oppdatert: 03.02.2016 13:43

Treff for eldre

Har du ledig tid og lyst til å bruka den saman med andre?

Tilrettelagt fritid driv i samarbeid med frivillige treff for eldre to stadar i kommunen. Det eine er i Sagvåg (Buneset 9) og det andre er i Kultursenteret i kjellaren i Stord Kulturhus.

Treffet i Kulturhuset er onsdagar frå kl. 11.00 til 13.30 medan treffet i Sagvåg er torsdagar frå 11.00 til 13.30.

Treff for eldre i Buneset

Tilbodet kostar kr. 50,- kvar gong. Dette inkluderer eit lett måltid, kaffi/te og aktivitetar som til dømes ein runde med bingo.

Det er fint om deltakarane etter kvart tek med småting til bingogevinstar.

Når det gjeld transport må kvar enkelt syta for og kosta transporten til/frå treffet sjølv.

Er dette noko for deg? Ta i så fall kontakt med Margunn (telefon 900 18 404) og meld deg på.

Treff for eldre i kulturhuset

Kjenner du nokon dette passar for må du gjerne tipse dei.

Vel møtt!

Med helsing
Margunn Hamre Vassdal, Tilrettelagt fritid og dei frivillige ved tilbodet.

.

Adresse:

Hamnegata 1

5411 Stord

Telefon: 53 49 69 50

Støttekontakt: 53 45 64 69

E-post, Kulturtenester: kulturtenester@stord.kommune.no  

 

Nettredaktør: Åge Vallestad