Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  29.04.2015 15:12
 
Oppdatert: 23.09.2015 14:38

Ny og oppdatert timeliste

Me har gode nyhende når det gjeld timelista!

Nyleg la me ut ei ny timeliste som de kunne skrive ut og så fylle ut for hand. No har me fått ei ny som de kan fylle ut på skjermen og så skrive ut og skrive under.
Timelista må altså som før underskrivast for hand. I denne nye lista er det òg felt for underskrift av brukar/pårørande/personal i bufellesskap. Dette må de hugse på å få gjort siste gang de er saman med brukaren før innlevering.

Lista må difor framleis sendast/leverast i papirform eller skannast og sendast med e-post.
Dersom du ynskjer kopi, treng du ikkje lenger ta ein kopi før du leverer. Denne nye versjonen kan de i staden lagre på dykkar eigen datamaskin.

På sikt håpar me å få til ei fullstendig nettbasert løysing, men det vil ikkje bli aktuelt før om ei tid.

Timelista skal anten:

  • Sendast som brev til: Kulturtenester – Tilrettelagt fritid - Postboks 414, 5403 Stord.
  • Leggjast i konvolutt merka med Tilrettelagt fritid i blå postkasse utanfor rådhuset eller i resepsjonen i Stord Kulturhus.
  • Skannast og sendast som vedlegg i e-post til Tilrettelagt fritid.
  • Du kan sjølvsagt også kome innom kontoret vårt med den om du heller ynskjer det.
  • Hugs underskrift frå både deg som støttekontakt og anten brukar eller føresett.
  • NB! Ressursnummer er det same som tilsettnummer.
  • Det er mogeleg å spara opp og overføra timar innanfor same lønsperiode, men ikkje frå ein lønsperiode til ein annan utan enn ved spesiell avtale med Tilrettelagt fritid. Hugs at ein lønsperiode er frå 21. i eine månaden til 20. i neste.

Her finn du timelista.

Me håper dette vil forenkle arbeidet dykkar med å føre timelister og ynskjer dykk lukke til.

.

Adresse:

Hamnegata 1

5411 Stord

Telefon: 53 49 69 50

Støttekontakt: 53 45 64 69

E-post, Kulturtenester: kulturtenester@stord.kommune.no  

 

Nettredaktør: Åge Vallestad