Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  13.04.2015
 
Oppdatert: 29.06.2016

Informasjon til støttekontaktar

Støttekontakttenesta i Stord er ei samla teneste under Eining for Kulturtenester. Tenesta har kontor i andre høgda i Kulturhuset.

Eit oppdrag hos oss kan til dømes bestå i å vera støttekontakt for ein eller fleire tenestemottakarar eller gruppeleiar for ulike aktivitetsgrupper.

I denne informasjonen har me valt å inkludera desse ulike funksjonane i omgrepet «støttekontakt» då det er dette som vert brukt i det gjeldande lovverket. 

Viktige mål for tenesta er å:

  • gje kvar enkelt brukar støtte og motivasjon
  • leggje til rette slik at kvar brukar opplever eit fellesskap
  • leggje til rette for kultur- og fritidstilbod ut frå kvar enkelt brukar sine føresetnader 

Me oppmodar alle som er omfatta av ordninga til å lesa grundig gjennom denne informasjonen.

Kva er støttekontakt?

Støttekontakt er eit tiltak som vert nytta mot fleire brukargrupper som har særlege hjelpebehov i forhold til kultur og fritid.

Føresetnaden for å få vedtak om støttekontakt, er at vedkomande har behov for naudsynte helse- og omsorgstenester, med bakgrunn i somatisk eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. (Jmf. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1 jmf. § 3-2 nr. 6 bokstav c). 

Tiltaket har ingen aldersgrense. Tenestemottakarane våre har i dag eit aldersspenn frå 6 til 96 år.

Målsetjinga for støttekontakttenesta er å hjelpe den enkelte til å få ei aktiv og meiningsfylt fritid. Gjennom samvær og aktivitet kan ein støttekontakt bidra til å auka tenestemottakaren si evne til å utfalda seg, meistra ulike livssituasjonar, auka trua på seg sjølv og bli kjent med nye menneske og miljø. 

Kven kan vera støttekontakt? 

Ein støttekontakt bør ha fylt 18 år. Han/ho må vera stabil og påliteleg, ha ein avklart livssituasjon og bør kunne binda seg for minst eitt år.

Me ynskjer også at støttekontaktane har ei oppdatert e-postadresse og at e-post blir lest med jamne mellomrom då e-post er ein viktig kommunikasjonskanal for oss. 

Støttekontakten må ha gode samarbeidsevner, respekt for andre menneske, ha overskot til å gje av seg sjølv, vera trygg på seg sjølv og ha evne til å etablere kontakt. Støttekontakten må kunne setja grenser.

Me ynskjer at det å vera støttekontakt skal vera gjevande og hyggjeleg også for støttekontakten, samstundes som det er viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Difor er mellom anna alder, kjønn, personlegdom og interesser avgjerande når ein skal kopla rett støttekontakt og tenestemottakar. 

Dersom det ikkje omgåande er eit eigna oppdrag kan godkjende støttekontaktar stå på venteliste. Dette betyr slett ikkje at ein egnar seg dårleg som støttekontakt, men at det for tida ikkje er eit ledig, passande oppdrag. 

Hensikt og innhald i eit støttekontaktoppdrag 

Mange av tenestemottakarane våre veit godt kva dei ynskjer å gjera i fritida si og kva dei vil bruka støttekontakten sin til. Andre kan godt trenga nokre tips av og til. Det som er viktig å hugsa på, er at støttekontaktordninga er til for mottakarane av den og at det er ynskjer, draumar og behov som gjeld fritida deira som skal vera i fokus.

Som støttekontakt er det viktig at du ser etter mulegheiter framfor avgrensingar, men også at dei aktivitetane og dei måla du og tenestemottakaren sett dykk skal vera realistiske og oppnåelege. Det er viktig å ha fokus på meistring og på brukarmedverknad. I oppdrag kor ein arbeider med barn, unge eller utviklingshemma er godt samarbeid med foreldre og andre føresette ein føresetnad.

Evna til å kunne motivera til ulike aktivitetar og det å delta på sosiale arenaer kan også vera viktig. Føringar for hensikt og målsetjing med eit oppdrag vert som regel lagd i oppstartsfasen i samarbeid med tenestemottakar/føresette/pårørande og ansvarleg for tilbodet i Tilrettelagt fritid. Eit viktig mål er å bli kjent med nye menneske og miljø.

Dersom du ynskjer å vita meir om ulike aktivitetar i Tilrettelagt fritid eller treng tips til kva de kan gjera saman i oppdraget finn du lenker til dette her på nettsidene våre.

Under Tilrettelagt fritid finn du mellom anna både nyhende, informasjon om ordninga og ei eiga side med tips og informasjon retta mot deg som er støttekontakt/oppdragstakar. Me har også ei eiga lukka Facebookgruppe for støttekontaktane våre. 

Avslutning av oppdraget og oppseiing

Av og til kan eit oppdrag bli avslutta i avtaleperioden dersom tenestemottakaren sine behov har endra seg. Oppdraget kan også bli avslutta dersom tenestemottakaren ikkje får fornya vedtaket sitt eller vedkomande flyttar frå kommunen eller døyr. I tillegg kan det bli avslutta dersom ein av partane ynskjer å slutta.

Det er viktig at avslutninga vert gjennomført på ein ryddig og tenleg måte og at tenestemottakar vert førebudd i god tid.

Det er ei gjensidig oppseiingstid for oppdrag som støttekontakt på 14 dagar.

Det skal sendast skriftleg oppseiing til Tilrettelagt fritid. Tenestemottakar skal informerast så snart som råd. 

Dersom du pga. eksamen, reiser, feriar, sjukdom etc. blir forhindra frå å gjennomføra avtalt kontakt, må dette meldast til tenestemottakar snarast mogeleg. Avtalen kan ev. flyttast dersom dette er mogeleg. Ved lengre fråver må dette meldast til Tilrettelagt fritid.  

Oppfølging og rettleiing 

Som støttekontakt hos Tilrettelagt fritid har du alltid høve til å kontakte oss om saker som gjeld rettleiing og oppfølging av deg og ordninga du arbeider innafor.

Det vil også kunna bli gitt rettleiing av andre personar som står i nær relasjon til tenestemottakar der dette er nadusynt. Ansvarleg kontaktperson i Tilrettelagt fritid legg då til rette for at slik rettleiing kan finna stad. Rettleiing er viktig både for eigen trivsel og for kjensla av å meistra oppdraget, men også i høve til kvalitet og det forsvarlege i tilbodet til tenestemottakar.

Tilrettelagt fritid følgjer opp med jamne mellomrom, men det er viktig at du også tar kontakt dersom du har behov for rettleiing utover dette.

To gonger i året skal du levera rapport på eige skjema. Tidspunkt for innlevering er til same tid som timelistene i mai og november vert levert. Dette skjemaet er elektronisk og du finn det her. Om det er nokon som ikkje har tilgong til data, kan dei få eit skjema i papirformat ved å venda seg til oss. Me ynskjer likevel at flest mogeleg nyttar det elektroniske skjemaet.  

Det vert arbeidd med å få i gong faste samlingar og temakveldar for støttekontaktane. Informasjon om dette vil koma når det er aktuelt.

I tillegg har Høgskolen i Bergen etter oppdrag frå Helsedirektoratet utvikla ein nettbasert informasjons- og opplæringsressurs, «Fritid med mening», for støttekontaktar. Denne består av korte dramatiserte filmar som syner ulike menneske og situasjonar som støttekontaktar kan møta. Det vert også gitt tilgang til fordjupingshefte og relevante lenker.

Her finn du lenke til Fritid med mening. Og her er informasjon om eit gratis e-læringskurs. Dette kurset er kalla Mangfold og muligheter. Kurset kan gje deg 15 studiepoeng.

Vi oppmodar alle støttekontaktane våre til å sjå gjennom rettleiinga, og gjerne koma med tilbakemeldingar på denne type nettbasert opplæringsressurs. 

Teiingslovnad 

Som støttekontakt har du teiingsplikt og må difor skriva under på ein teiingslovnad før oppdraget startar. Hensikta med teiingslovnaden er å hindra at andre får tilgang til personlege opplysningar om tenestemottakar. Brukarar av helsetenester har rett til vern. Teiingslovnaden omfattar alle typar informasjon om tenestemottakar og pårørande, både forhold som du er blitt kjent med direkte og indirekte. T.d. sjukdomstilhøve, familietilhøve, økonomi og andre personlege opplysningar.

Krav til teiingslovnaden er heimla i både helsepersonellova og forvaltningslova og ein kan bli straffa med fengsel og bøter for å bryta den. Brot på teiingslovnad er også sakleg grunn til oppseiing. Teiingslovnaden gjeld også etter at du har avslutta oppdraget ditt for oss. 

Det er ikkje brot på teiingslovnaden å gje rapport til kontaktperson i Tilrettelagt fritid. I enkelte tilfelle kan du ha opplysningsplikt til hjelpeapparatet. Ved tvil skal du forhøyra deg med ansvarleg kontaktperson i Tilrettelagt fritid. 

Her finn du eit eit hefte kor du kan lese meir om teieplikt.

Politiattest 

Frå og med 01.04.07 vart det, med heimel i Helsepersonellova, krav om å skaffa politiattest for helsepersonell og personar som arbeider i forhold til barn, unge og menneske med psykisk utviklingshemming.

Når du skal starta i eit oppdrag vil du få ei elektronisk stadfesting på dette frå Tilrettelagt fritid som du legg ved elektronisk søknad til politiet.

Politiattest vil bli kravd framvist før oppdrag tek til. Attesten vert registrert og vidaresendt til Stord kommune si Personalavdeling.

Stord kommune si haldning til rusmidlar

Som støttekontakt skal du stå fram som ein god rollemodell. Bruk av alkohol eller andre rusmidlar i oppdraget vert ikkje akseptert. 

Oppdragsavtale

Ved igangsetjing av eit oppdrag vil det bli skrive oppdragsavtale. Ein støttekontakt reknast ikkje som fast tilsett i Stord kommune, men som oppdragstakar for kommunen.

Oppdragsavtalen vil mellom anna innehalda namn på støttekontakt og tenestemottakar, omfang (timetal) for oppdraget, kor lenge det skal gjelda, godtgjering for det samt annan utgiftsdekning. I nokre tilfelle vil målsetjinga med støttekontaktoppdraget være nærare spesifisert. 

I eit oppdrag som støttekontakt pliktar du å tenka på tenestemottakar sin tryggleik i ulike aktivitetar, samt å nytta godkjent tryggleiksutstyr (t.d. barnesete i bil der dette er påkravd). Vidare vert det forventa og kravd at du har teikna vanleg forsikring for heim og innbu. Materielle skader på personlege eignelutar vert ikkje dekka av kommunen sin forsikringsavtale.

Som oppdragstakar er du ikkje omfatta av ordinære kommunale forsikringsordningar ved yrkesskade og sjukdom. Denne type forsikringar er oppdragstakar sitt eige ansvar. Du er likevel dekka av særskild ulukkesforsikring som er inngått av Stord kommune for den tida du er i oppdrag for kommunen.

Tildelt timetal og omfang 

Tenestemottakarar som får tilbod om støttekontakt/bistand til fritidsaktivitet har eit skriftleg vedtak kor det står kor mange timar pr. veke som er gitt. Vedtaket skal evaluerast årleg og oppdragsavtale kan bli endra i etterkant av evaluering. 

Tenestemottakar og du som støttekontakt avtaler mellom dykk når de skal vera saman, men det vil alltid bli gjennomført eit oppstartsmøte i forkant av eit tilbod. Her vil ansvarleg kontaktperson hos Tilrettelagt fritid delta saman med deg og tenestemottakar samt ev. pårørande/føresette. På dette oppstartsmøtet vil dei første avtalane bli gjort og rammene rundt tilbodet bli avklart. 

Det er viktig at du gjer tydelege og konkrete avtalar med tenestemottakar om når og kor de skal møtast, og når samværet skal vera slutt. Må ein avtale endrast skal dette gjerast så tidleg som mogeleg, og det skal då helst lagast ein ny avtale samstundes. 

Det er mogeleg å spara opp og overføra timar innanfor same lønsperiode, men ikkje frå ein lønsperiode til ein annan utan enn ved spesiell avtale med Tilrettelagt fritid. Ein lønsperiode er frå 21. i eine månaden til 20. i neste.

Dette må naturlegvis også alltid avklarast med tenestemottakar. 

Føring av timeliste, godtgjering og utgiftsdekning

Støttekontakt har ansvar for å fylla ut timelista sjølv. Timelista kan hentast og leverast hos oss. Timelista kan du også fylla ut på skjerm, så skriva ut og signera og sendast på e-post til denne adressa.

Som støttekontakt mottar du ei godtgjering pr. time samt utgiftsdekning pr. månad.

Godtgjeringa følgjer tariff som ufaglært etter dokumentert ansiennitet.

Utgiftsdekninga er tenkt brukt til aktivitet, mat, drikke. Tenestemottakar skal alltid dekka sine eigne utgifter, inkludert utgifter til transport. Det må difor avtalast pris pr. kilometer ved bruk av privat bil. 

Timelistene skal leverast kvar månad og innanfor rett kalenderår.

Timelistene må vera levert innan den 21. i kvar månad for at lønn skal bli utbetalt den påfølgande 12. Løn vert utbetalt gjennom kommunen sitt lønssystem og du vil få tilsendt lønsslipp frå kommunen, med informasjon om kva utbetalinga omfattar.

Timelistene skal alltid attesterast av tenestemottakar eller av føresette kor tenestemottakaren er under 18 år.

Timelista skal anten:

  • Sendast som brev til: Kulturtenester – Tilrettelagt fritid - Postboks 414, 5403 Stord.
  • Leggjast i konvolutt merka med Tilrettelagt fritid i blå postkasse utanfor rådhuset eller i resepsjonen i Stord Kulturhus.
  • Skannast og sendast som vedlegg i e-post til Tilrettelagt fritid.
  • Du kan sjølvsagt også kome innom kontoret vårt med den om du heller ynskjer det.
  • Hugs underskrift frå både deg som støttekontakt og anten brukar eller føresett.
  • NB! Ressursnummer er det same som tilsettnummer.
  • Her finn du timelista.

Tilrettelagt fritid har ikkje høve til å godtgjere for fleire timar enn det som er gitt i vedtak og oppdragsavtale. Det vert ikkje gitt overtid, kvelds/natt eller laurdag/søndagstillegg.

Dersom tenestemottakar ikkje ynskjer å nytta seg av støttekontaktavtalen, vert det ikkje utbetalt løn. Viss støttekontakten blir avvist ved oppmøte eller tenestemottakar avlyser med mindre enn 24 timars varsel, vert det betalt for oppmøte i 2 timar. Viss støttekontakten blir avvist fleire gonger etter kvarandre, må han/ho ta kontakt med Tilrettelagt fritid før det vert laga nye avtalar med tenestemottakar for å vurdera tilbodet.

Dersom tenestemottakar har følgjekort (ledsagarbevis) vil dette legitimera at vedkomande er avhengig av følgjeperson. Ved framvising av beviset vil følgjeperson kunna få gratis eller redusert inngangsbillett. Spør arrangør dersom du lurer på om følgjeprovet kan nyttast.

.

Adresse:

Hamnegata 1

5411 Stord

Telefon: 53 49 69 50

Støttekontakt: 53 45 64 69

E-post, Kulturtenester: kulturtenester@stord.kommune.no  

 

Nettredaktør: Åge Vallestad