Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Kort med luftballong
Av:  Stord kommune
Publisert:  13.04.2013
 
Oppdatert: 06.10.2017

Tilrettelagt fritid (støttekontakt)

Støttekontakttenesta i Stord er ei teneste under Eining for Kulturtenester.

Tenesta har har kontor i andre høgda i Kulturhuset.

Tilbodet til brukarar med vedtak vil bli gitt i form av individuell støtte-/fritidskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe og/eller individuelt tilbod i samarbeid med ein frivilleg organisasjon.

Søknad skal sendast Tildelingskontoret, der behovet blir vurdert og vedtak blir gjort.

Tilrettelagt fritid vil så, i samarbeid med brukar/pårørande, finna fram til den organiseringa som vil høva best for den enkelte.

Tilrettelagt fritid vil òg ha ansvar for rettleiing og oppfølging av støtte-/fritidskontaktane. Dette kan vera i form av individuell rettleiing, kurs, samarbeid med andre tenester rundt brukarane og liknande.

Dei som har behov for følgje i samband med fritidsaktivitet kan søkja om følgjekort.

Om du trykker på bildet om følgjekort nedanfor finn du meir informasjon om og søknadsskjema for dette.

 Følgjekort

Brief information in English.

.

Adresse:

Hamnegata 1

5411 Stord

Telefon: 53 49 69 50

Støttekontakt: 53 45 64 69

E-post, Kulturtenester: kulturtenester@stord.kommune.no  

 

Nettredaktør: Åge Vallestad