Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Kulturtenester
Publisert:  23.04.2015
 
Oppdatert: 01.12.2015

Generell informasjon

1. Generell informasjon

Stord kulturhus vart oppført i 1978 og har i dag status som eit regionalt kulturhus. Aktivitetsnivået veks stadig og femner vidt, og me legg vekt på å vera eit inkluderande og levande hus for alle aldersgrupper. Stord kulturhus er drifta av Stord kommune.

Desse kommunale tenestene har fast tilhaldsstad i Stord kulturhus:

- Eining for kulturtenester

   

- Stord folkebibliotek

 -  Følg Stord Folkebibliotek på Facebook

- Stord kulturskule

 -   Følg Stord kulturskule på Facebook


2. Opningstider

Stord kulturhus har følgjande faste opningstider:

Måndag til torsdag: 08.00 - 22.00
Fredag: 08.00 - 23.00

Laurdag: 09.30 - 22.00
Sundag: 15.30 - 23.00

Merk at dette er dei faste opningstidene for huset. Det kan vera endringar i høve desse tidene når det er høgtid eller ferietid.

Her finn du Stord kulturhus si eiga heimeside.

3. Telefontid

Telefontida til kulturtenester og administrasjonen for kulturhuset er som følgjer:
Måndag til fredag 09.00 - 15.00.

Telefonnummeret til sentralbordet er 53 49 69 50.
Ynskjer du å ringja nokon i administrasjonen før klokka 09.00 eller etter 15.00 må du nytta direktenummer som du finn i lista over tilsette.

4. Lokale

Stord kulturhus er mykje nytta av både lokale og eksterne lag og arrangørar. Her er eit oversyn over lokala du finn i huset:

Underetasje:

  • Kunsthallen. Utstillingslokale som og kan nyttast til konsertar, møter e.l. Kapasitet: ca. 150 personar.
  • Kultursenteret. Møte/festlokale med tilhøyrande kjøken og dansesal. Kapasitet: 35-40 personar.
  • Undervisningsrom for Stord kulturskule.
  • Garderobe.
  • Tekniske rom og lager.


1. etasje:

  • Storsalen. Teater-, konsert- og kinosal. Fast spelestad for Riksteatret. Kapasitet: 408 seter. Tilhøyrande garderobeanlegg med 3 sminkeceller.
  • Småsalen. Kino- og konferansesal. Kan og nyttast til mindre konsertar. Kapasitet: 136 seter.
  • Symjehallen. Offentleg badeanlegg og treningsanlegg for symjegrupper.
  • Undervisningsrom for Stord kulturskule.
     

2. etasje:

  • Møterom 1. Møterom med whiteboardtavle. Kapasitet: 25 personar.
  • Møterom 3. Kapasitet: 14 personar.
  • Møterom 5. Kapasitet: 20 personar.
  • Stord folkebibliotek.
  • Kulturadministrasjon/eining for kulturtenester.
  • Administrasjon og undervisningsrom for Stord kulturskule.

 

Kontaktinformasjon

Leiar
Herdis Elin Belsvik

Telefon
53 49 69 58/975 52 213

Nestleiar
Guri Andresen Aksnes

Telefon
53 49 69 63/975 52 212


Klikk her for å sende e-post til kulturtenester.

Klikk her for å sende e-post til kulturhuset.


Følg Stord Kulturhus på Facebook!

Følg Stord kino på Facebook!


Opningstider, administrasjon:
Kontortida er måndag til fredag: 08.00 til 15.30. 

Sentralbord/resepsjon opnar klokka 09.00.

Stord kulturhus har faste opningstider:

Måndag til torsdag: 08.00 - 22.00.
Fredag: 08.00 - 23.00

Laurdag: 09.30 - 22.00
Sundag: 15.30 - 23.00

Det kan vera endringar i høve desse tidene når det er høgtid eller ferietid.

 

.

Adresse:

Hamnegata 1

5411 Stord

Telefon: 53 49 69 50

Støttekontakt: 53 45 64 69

E-post, Kulturtenester: kulturtenester@stord.kommune.no  

 

Nettredaktør: Åge Vallestad