Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Trond Leirvik Onarheim
Publisert:  10.12.2015
 
Oppdatert: 25.01.2017

Teaterfestivalen

Teaterfestivalen er for barn og unge i alderen 7 - 20 år, og blir arrangert i Stord kulturhus helga før palmesundag kvart år.


Målet med festivalen er å skapa ein møteplass for barn og unge som driv med teater for inspirasjon og utvikling. Med lokal forankring og gode samarbeidspartar har ein gjennom alle desse åra klart å byggje opp ein møteplass for teaterfolk der spelegleda alltid er i fokus! Ikkje minst er dette ein stad der alle som ynskjer det kan få stå på scena og vera ein del av det unike fellesskapet ein teaterproduksjon er.

Festivalen blir arrangert som eit samarbeid der Stord teaterlag er tekniske arrangørar, Kulturtenester arrangementsansvarlege og Hordaland Fylkeskommune er med som økonomisk støttespelar.

Ei typisk festivalhelg ser slik ut:
Fredag: Registrering/ innkvartering/ kurs/ bading i svømmehallen. Servering av kvelds.
Laurdag: Framsyningar frå ca. kl. 10 til kl. 19. Diskotek på kvelden. Frukost, lunsj og middag.
Sundag: Framsyningar frå ca. kl. 9 til kl. 15. Frukost og lett lunsj.

Stord Teaterlag har vore med frå starten av i 1984. Mange er dei timane foreldregruppa, styret og andre i laget har lagt ned i festivalen. Eit tett samarbeid mellom dugnad, festivalleiing og det offentlege er nøkkelen til at festivalen enno eksisterar.

Koordinator for teaterfestivalen er Trond Leirvik Onarheim

Informasjon om påmelding til Teaterfestivalen finn du her!

Påmeldingsinformasjon

Kontaktinformasjon

Festivalkoordinator
Trond Leirvik Onarheim

Telefon
911 01 239

Klikk her for å sende e-post


Leiar Kulturtenester
Herdis Elin Belsvik

Telefon
53 49 69 58/975 52 213

Klikk her for å sende e-post


Falturiltu si heimeside

Følg Falturiltu på Facebook

Følg Teaterfestivalen på Facebook

Følg UKM på Facebook

.

Adresse:

Hamnegata 1

5411 Stord

Telefon: 53 49 69 50

Støttekontakt: 53 45 64 69

E-post, Kulturtenester: kulturtenester@stord.kommune.no  

 

Nettredaktør: Åge Vallestad