Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  14.01.2014
 
Oppdatert: 22.02.2017

Barnehagar

Stortinget har fastsett maksimalpris for heiltidstilbod i barnehage (41 t/v og meir).

Maksimalprisen er sett til kr. 2 730,- per månad.

Barnehagane har høve til å ta ekstra betaling for matservering. Deltidstilbod, og prisen for desse, er fastsett av kommunen.

Betalingssatsar for plass i Stord kommune sine barnehagar:

Tre dagar pr. veke: Kr. 1 974,- pr. månad

Fem dagar pr. veke: Kr. 2 730,- pr. månad

Frå og med hausten 2013 vil Stord kommune berre tilby plassar 3 og 5 dagar i veka.

Søskenmoderasjon

Stortinget har vedteke nasjonal minimumssats for søskenmoderasjon. Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer to og 50% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer tre. Dersom søsken går i ulike barnehagar i Stord kommune (t.d. privat og kommunal) gjeld same reglar for søskenmoderasjon.

Spesialpedagogisk hjelp

Spesialpedagogisk hjelp som vert gjeven etter § 19 A i Barnehagelova skal det ikkje betalast for. Fråtrekk i opphaldsbetalinga vert gjort med kr. 15,- per time, jfr. vedtak. Ordninga gjeld for foreldre med barn i privat og kommunal barnehage.

Økonomisk støtte

Foreldre med låg betalingsevne kan søkja om økonomisk støtte til barnehageplass. Det er særskilde retningsliner for dette. Les meir om å søkja økonomisk støtte til barnehageplass her.

Andre opplysningar

  • Rekning på barnehageplass vert sendt ut frå Stord kommune. Det skal betalast for 11 månader. Juli er betalingsfri. Private barnehagar fakturerer sjølv.
  • Fråtrekk for langvarig og alvorleg sjukdom hos barn kan søkjast om til leiar i barnehagen der barnet går. Leiar/styrar gjer vedtak i saka etter ei samla vurdering av situasjonen. Vedtaket kan klagast på, jfr. Forvaltningslova.
  • Brukarar som ikkje overheld avtalt opphaldstid/opningstid får først varsel frå leiar/styrar i barnehagen. Ved gjentak av misleghald, må det betalast ein pris på kr. 100,- per påbegynt halvtime.
.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen