Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Nyhendearkiv Gå til startsida for Stord kommune
Av:  Nina Sørli
Publisert:  11.09.2009 13:00
 
Oppdatert: 02.07.2010 14:35

Stord vil bli Fairtrade kommune

15 kommunar og byar i Noreg har i dag Fairtrade status. Ei styringsgruppe jobbar for at Stord skal bli godkjent som Fairtradekommune.

Stord Formannskap har gjort vedtak om at kommunen skal arbeida for å bli ein Fairtrade-kommune. Sist veke vart søknadsprosessen sett i gang.

Ein Fairtrade-kommune er ein kommune som jobbar aktivt med å auka kjennskapen til og forbruket av Fairtrade-merka produkt i lokalmiljøet sitt.

Det inneber at kommunen, næringslivet, frivillige lag og organisasjonar og einskildpersonar i kommunen m.a. har eit bevisst forhold til varer som blir kjøpt.

Ei breidt samansett styringsgruppe

Stord kommune har oppretta ei styringsgruppe som har som mål å få Stord godkjent som Fairtradekommune. Sist veke hadde styringsgruppa sitt første konstituerande møte (biletet). For å kunna dekka dei ulike krava til Fairtrade, er styringsgruppa samansett av representantar frå Næringslivet, fagrørsla, kommunepolitikarar og kommuneadministrasjon.

Fairtrade-logoKva er Fairtrade?

Merkeordninga Fairtrade er ein garanti for at varene er produsert under verdige forhold. Arbeidarane er sikra ei garantert minsteløn, verdige og trygge arbeids- og sosiale forhold. Vidare sikrar merkeordninga at ein del av inntektene frå sal kjem attende til arbeidarane slik at dei gjennom demokratiske prosessar kan byggja opp lokalsamfunnet til felles beste.

For å søkja om å bli fairtradekommune må følgjande krav innfriast:

  • Arbeida aktivt for bruk av merkenamnet "Fairtrade"
  • Det skal drivast aktivt informasjonsarbeid om "Fairtrade" i kommunen
  • Pålagt å servera Fairtrade-kaffi og te til tilsette og i samband med møte
  • Pålagt å ha eit utval av Fairtrademerka produkt tilgjengeleg i lokale butikkar og serveringsstader
  • Fairtrademerka produkt skal nyttast i eit visst omfang i lokale verksemder, skular etc...

Vil du vera med?

Verksemder, lag, organisasjonar og einskildpersonar i Stord som ynskjer meir informasjon om Fairtrade, eller som vil gjera noko aktivt for å fremja dette arbeidet er velkomne til å ta kontakt med Stord kommune.

Send e-post til: post@stord.kommune.no

Meir om Fairtrade på www.fairtradenorge.no

Biletet: Frå det fyrste møtet i styringsgruppa. Frå venstre: Elin Ravnskog, Odd Magne Agdestein, Magne Erstad og Leif Steinar Alvsvåg. Anne Grethe Sandtorv var ikkje til stades. Sidan er fleire medlemmar komne til.

 

.